Funksjon · Lag eigne verktøy
Lag eigne verktøy
Skriv kva oppgåva er i ei samtale og få ein assistent, ei flyt eller ei oversikt du kan ta i bruk.
Kven brukar han: Den som har rett til å lage verktøy i eininga, kan lage og ta i bruk. Kven andre som ser verktøyet, avgjer du når du tek det i bruk.
Faste oppgåver blir liggjande fordi det tek tid å setje dei opp
Eit samandrag av møteprotokollar kvar måndag, eit skjema som fyller ut første melding til ein assistent, ei oversikt over fristar: oppgåvene er enkle å beskrive og tunge å setje opp med skjema, val og tekniske namn.
I Målfrid skriv du oppgåva med eigne ord. Byggjaren vel om det blir ein assistent, ei flyt eller ei oversiktsside, og spør når han treng meir.
Slik verkar det
1. Beskriv oppgåva
Skriv kva som skal gjerast, som til ein kollega. Byggjaren seier kva slags verktøy det blir, til dømes ei flyt som køyrer kvar morgon, og du kan endre valet.
2. Sjå det teikna ved sida av
Til høgre blir det du byggjer vist: stega i ei flyt, ein assistent du kan prøve i ei samtale eller ei oversiktsside. Endringar frå samtalen gjeld med ein gong, og den siste kan angrast.
3. Prøv med ekte data
Ei prøvekøyring bruker ekte data og modellen, men sender ingenting. Du ser resultatet i kvart steg og kva som ville blitt sendt.
4. Ta i bruk
Før du tek verktøyet i bruk, ser du når det køyrer, kva det les, kven som får resultatet, kven det køyrer som og kva dataklasse det har. Så gjeld det med ein gong.
Verktøy i ein kommune
Tre fiktive verktøy for politisk sekretariat.
Det han ikkje gjer
- Krev ikkje at nokon andre godkjenner før bruk. Den som lagar verktøyet, tek det i bruk, og det står i loggen med namn og versjon. Steg som sender noko til andre, stoppar ved ei godkjenning inni flyten.
- Gjev ikkje eit verktøy meir tilgang enn den som lagar det. Det køyrer med dine tilgangar.
- Lagar ikkje koplingar til andre system. Byggjaren bruker verktøya Målfrid har.
- Sender ikkje noko under ei prøvekøyring.
Dataklassar, logging og menneskeleg kontroll
Dataklassar
Dataklassen kjem frå kunnskapen og tilkoplingane verktøyet bruker, og blir vist før du tek det i bruk. Modellane følgjer reglane for den klassen.
Logging
Å ta noko i bruk, kvar endring frå samtalen og kvar køyring står i revisjonsloggen. Versjonane er uendra, og versjonen som er i bruk held fram å køyre medan du endrar eit utkast.
Menneskeleg kontroll
Resultatet er eit utkast. Flytar som sender noko til andre, stoppar til ein person har svara. Du kan setje noko på pause og trekkje det tilbake.
Vil de ta i bruk Målfrid i kommunen?
Vi set opp ein pilot saman med dykk, med kjeldene og reglane til kommunen.